Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

SV vil ha miljøkort, då blir det billeg å reisa kollektivt for alle i Rogaland

SV vil ha folk i Ryfylke, då er det viktig å sikra dei som bur her, og alle andre i fylket, kollektivreiser som ikkje er for dyre.
Foto: Tommy Ellingsen
Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Vi i SV deler bekymringa til Kirsten Hellerdal Fosstveit i Stavanger Aftenblad laurdag. Ho skriv om kor dyrt det er å reise for dei som bur i Ryfylke.

Vi i SV har i vårt program at vi skal jobbe for eit miljøkort til ein fast, låg månadspris for alle innbyggarane i Rogaland. Det skal vere like lett å bruke som ungdomskortet vi har i dag.

Vert det ikkje for dyrt at vi skal kunne reise billeg rundt i heile fylket heile tida, kan hende nokon spør. Det er no slik at det kan kosta litt pengar å gje innbyggarane gode tenester.

Men dei aller, aller fleste av oss har ganske vanlege liv; der transportbehovet fyrst og fremst gjeld skule og jobb, 5 dagar i veka. Så om eg skulle ta ein tur på kaffibesøk til Gunnel eller Tone Mari i Ryfylke ein gong i månaden, så er ikkje det den heilt store kostnaden.

Vi ønskjer at det skal bu folk i Ryfylke. Då må vi sjå på kva som kan gjerast for at dei skal kunne kome seg til jobb, skule og barnehage på ein trygg måte som ikkje tømmer lommeboka heilt, og kan gje dei moglegheiter for jobb i eit større geografisk område.

Miljøkort er ein god idé, ikkje sant?