Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Styrer nummer to-byen mot nedrykk?

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Bergensavisen har det siste halvåret køyrt fram debatten om Nummer to-byen Bergen: Om korleis Bergen som Vestlandets største og Norges nest største by kan ta ein leiande posisjon internasjonalt, ein by som er «nokke for seg sjøl» utan å ha «nok med seg sjøl».

Det er viktig, og det hastar. Heile Vestlandet og Noreg treng at Bergen kjem vidare frå ein situasjon der «ti år med bybanekrangling gjør oss stadig mer irrelevante som by», for å sitere Haakon Tuestad i eit debattinnlegg i BA i vår.

Fram til sist veke, låg alt til rette for at 2023 skulle bli året der Bergen sette kursen mot framtida. I mai tok Brann cupen hem på Ullevaal. I juni vedtok Bystyret i Bergen sju reguleringsplanar for Bybanen mot nord som gjorde slutt på ti års strid om sentrumsutvikling.

I august garanterte dei to største partia – Ap og Høgre – veljarane at tida for omkampar er over. I september ga bystyrevalet soleklart fleirtal for parti som garanterte for Bybane over Bryggen og ingen omkampar – med full backing i nye Vestland fylkesting, som skal bygge Bybanen.

Les også

På tide å løfte blikket i lokalpolitikken

Så skjedde det som berre kan skje i Bergen. Etter valet snur Bergen Høgre over natta, bryt sine valløfte og går i allianse med klimafornektar-partiet INP, Trond Tystads «Jeg savner meg selv i politikken»-liste og Pensjonistpartiet om å stoppe Bybanen og fleire tiårs arbeid med lange linjer for byutvikling. Godt pakka inn i fine fraser om «en ny utredning», men alle veit kva det betyr.

Det betyr at Bergen misser vekstkraft, og kjem kraftig bakpå i omstillinga frå ein bilbasert gammaldags by til ein moderne storby.

Det betyr at Bergen risikerer å ende opp som ein slags «Ålesund/Førde Extra Large», i staden for å bli den attraktive hovudstaden Vestlandet treng og det allereie er investert mange milliardar privat og offentleg for å skape. Den sterke veksttakten og auka attraktiviteten i bydelane som allereie har fått bygd ut Bybane, seier det meste.

Det betyr at medan dei lange linjene i byutviklinga i Oslo er stabile uansett kven som sit ved makta, blir Bergen ein utrygg by å investere og satse i. Ein by der Christine Meyer og co dei neste fire åra hoppar og sprett dit dei gamle herrane på Muppet Show-balkongen til ei kvar tid ropar at ho skal hoppe, og framtidas byutvikling blir sett på vent.

Les også

På hengende håret kan Bryggen berges

Heile Vestlandet treng at Bergen raskast råd blir ein by med moderne infrastruktur og eit levande sentrum i tråd med planer som allereie er vedtatt. Stoppar det no opp i Bergen, aukar sjansane for at Noreg blir det landet ingen vestlendingar vil det skal vere: Eit land der Oslo-området tar all vekstkraft – fordi dei der har forstått kva moderne by- og samfunnsutvikling handlar om, og bygger infrastruktur for framtida i eit rasande tempo.

No må bruke tida på felles kamp inn mot sentrale styresmakter for å bygge framtidas Bergen og få finanisert Bybanen. Som Venstre-mann skulle eg gjerne ha slått meg til ro med at vi får vente på eit endå større og sterkare Venstre etter valet i 2027, men så god tid har vi ikkje.

No må Bergen Høgre vise seg som et styringsparti og bygge bybanen som dei har lova, i staden for å peike på alle andre.

Les også

Marerittet Ap ikkje greier å vakna frå