Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Sp i byrådssamarbeid med Frp er uforståeleg

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Byrådssamtalane no viser dessverre det som etablerte Sp åtvara mot då ein hær av nye medlemer vann fleirtal og tok over i lokallaget i fjor: At dei ville ha namnet og partiapparatet, men fylle det med høgresidepolitikk til høgre for Høyre.

Vi har respekt for at nye krefter vann kontroll over lokalpartiet. Som erfarne partimedlemmer gjer vi oss likevel nokre refleksjonar over konsekvensane for lokalpolitikken og samanhengen mellom lokal og nasjonal politikk.

Ein ristar på hovudet i Sp på fylket og nasjonalt nivå, og dei lokale ferske partikoryfeane har knapt kontakt.

Så forstår vi at bybanesaka er ein nøkkel. Det er kanskje det aller raraste. Bergen Sp prøvde bygge valkamp på å snu vedtaket, og tapte stort på det. Ein ting at dei gjekk kraftig tilbake frå 4 til 2 mandat. Det gjorde Sp mange stader. Men i Bergen kom skrifta på veggen: Nesten annakvar Sp-veljar i Bergen som stemte på partiet på fylket, valde vekk Sp-lista i kommunevalet. Det er langt fleire enn normalt. Blir det samarbeid med Frp er det fare for langt fleire.

Les også

De er i samme parti, men vil helst ødelegge for hverandre

Fylkeskommunen skal bygge bybanen, og regjering og Storting har vedtatt å finansiere 70 %. Sp står i spissen begge stader, og er sjølve pådrivaren for at det skjer. Då er det vanskeleg å forstå at nye folk lokalt går rakt mot politikken i partiet dei har blitt ein del av.

Så vil dei ikkje lukkast, og det er heller ikkje akkurat eit folkekrav i og med at berre 17 av 67 i bystyret er stemt inn med standpunktet. Næringsrådet og innbyggjarane i Bergen - tre fjerdedelar - vil bygge bybanen og legge omkampane bak seg.

Høgre har no lokka Sp og Frp inn i samtalar. Det som skjer er eit rop om hjelp, og vi er spent på om Ap og Bakervik vil vise storsinn og tilby samarbeid i bybanesaka. Kanskje burde dei det.

Uansett er reguleringsplanane vedtekne, og det nye bystyret kan ikkje rokke ved det. Bybanen langs Bryggen, forlenga Fløyfjellstunnel, Ringveg øst og dei andre tiltaka som er avhengig av at bybanen blir bygd, kjem. For Sp og resten av bystyret er det berre snakk om ein vil ha eit ord med i laget eller ikkje.

Les også

For fire år siden kriget de intenst. Nå vil Meyer ha dem i byråd sammen.

Les også

Helge Hopen om bybane-omkamp: – Føles som et mareritt