Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Sjølvmord skjer fleire gonger ganske spontant. Eit val, og heile livet er over. Dette må me ta tak i!

DEBATT: 10. september markerer FN førebygging av sjølvmord. I Norge er det gjennomsnittleg 650 menneske som vel å ta sitt eige liv, kvart år. Dette er altfor høge tal.

Ofte er ikkje dette eit val ein står i åleine. Sjølvmord går ikkje berre utover ein person, men utover alle som blir etterlatt i det mørket ein har valt å sette dei i.
Foto: Shutterstock
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Døden treff oss berre ein gong i livet. At ein vel ei slik løysing, er noko vi er nøydde til å snakke meir om. Døden har ei heilt annan tyngde, når ein sjølv oppsøkjer den.

Tanken om at døden gjev meir fridom, enn det livet kan ha å by på. Ja, det er ein dyster, ofte impulsiv, affekt-lada og fastlåst tanke.

Vi veit at forsking viser at dei fleste som overlever eit alvorleg forsøk, føler seg letta over å ikkje ha lykkast. Letta over å framleis vere i live.

Kva verdi gir ein eige liv?

I fleire tilfelle, ser vi at sjølvmord blir utført spontant. Eit sporadisk val, som ofte blir avgjort på nokre minutt. Med det eine valet, er heile livet over.

Kva lèt etter seg ein, i det ein vel ei slik løysing? Kva verdi gjev ein til sitt eige liv, og alle dei som har teke del i dette livet fram til no?

Ofte er ikkje dette eit val ein står i åleine. Sjølvmord går ikkje berre utover ein person, men utover alle som blir etterlatt i det mørket ein har valt å sette dei i.

I politikken har det vore mykje snakk om nullvisjon som det ultimate mål. Eg tenkjer at dette er minst like lite realistisk som å utrydda alvorlege somatiske dødsårsaker. Menneske er komplekse skapningar, og fleire faktorar er med på å regulere psyken vår, gjennom det livet vi har fått tildelt. Psyken er dynamisk. Så det å føresjå sjølvmord, er inga realistisk målsetjing.

Men om vi kan vere med å påverke tankar rundt dette, og dermed førebygge sjølvmord som ei løysing? Ja, det tenkjer eg er absolutt mogleg. Då må me vera opne om det ukomfortable. Me må også vera vakne for psykiske teikn og lidingar.

Vi som dannar eit samfunn har ei stor rolle i korleis alt dette blir fanga opp og teken hand om. Eg er særskilt uroa for neste generasjon, som «lettare» blir forma av ei psykisk liding, og definerer verdien av seg sjølv, ut ifrå kva samfunnet krev av ein. Vi er meir sårbare, og mindre motstandsdyktige.

Du ber om hjelp for fysisk smerte

Om det har blitt lettare å finne fram ordet «sjølvmord» som ei naudløysing? Tillèt vi i større grad å forme slike tankar, enn før? Konstruerer vi eit samfunn, som gjer det vanskelegare for oss å jobbe i mot slike kjensler?

Ein pasient kan seie: «Eg får ikkje til livet. Ingen liker meg. Får ikkje til oppgåver på jobb heller. Det er ingenting eg klarer å meistre. Alle på min alder, har kome seg så langt. Eg kjem meg ingen veg.»

Ein annan pasient kan seie:

«Eg ser ingen annan utveg i livet. Familien, som betyr alt for meg, vil ha det betre utan min eksistens. Eg er berre ei byrde.»

Det er mange faktorar og spørsmål knytt opp til dette tema. Ein dag i året, brukar vi for å markere denne essensielle dagen. Ingen går rundt med smerter av ei brekt hand, utan å oppsøke hjelp eller snakke om det. Men fleire går rundt med sjølvmordstankar, og skammar seg for å dele desse med nokon.

Vi er nøydde til å våga og snakka om dette i større grad enn no. Kunnskap og formidling av det ukomfortable trengst. Berre då kan vi aktivt vere med på ei endring.