Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Me må slutta og fylla badekaret før proppen er på plass!

Så lenge me ikkje tar kontroll på sjølve prissettinga, vil all mogleg utbygging av meir kraft og meir nett vera til inga nytte. Det er som å fylla eit badekar utan at proppen er i.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg registrerer at Høyre-ordføraren i Time ikkje kan forstå kvifor det er så store prisforskjellar på straum mellom dei ulike regionane i Norge. Svaret er dei to store kraftkablane frå Sør-Vestlandet som gir høg prisimport her.

Men dette vil jo ikkje Høyre gjera noko med – tvert imot ivrar dei for fleire slike utanlandskablar.

Endå verre er det å klaga over høge straumprisar når ordføraren samtidig stiller seg i spissen for eit tiltak som vil auka straumprisane våre, gitt det noverande kraftprisregimet. Utbygginga av svære datalagringshallar rundt Kvernaland vil sluka straum om lag 50 prosent av heile Lyse sin produksjon.

Høyre sitt einaste forslag for å jamna ut prisforskjellane er å bygga meir nett raskare. Men å bygga ut meir straumnett vil ta lang tid, og innan då er den kraftkrevjande industrien i Rogaland utkonkurrert og lagt ned. Eit anna openbart problem er dei store naturinngrepa ei slik storstilt utbygging av nett vil innebera. Særleg sidan regjeringa og Høyre insisterer på at dette skal skje med luftspenn, og ikkje sjø- og jordkabel.

Utspelet viser heilt tydeleg at Høyre ikkje har eit alternativ til regjeringa sin feilslåtte energipolitikk. Løysinga er ei heilt anna: Me må ta kontroll over straumprisen og frikopla norske prisar frå børsen og dei høge europeiske prisane. Kvifor skal me la børs og marknad, og dermed den med høgast kjøpekraft i EU, få bestemma energiprisane her i Rogaland?

Norge sitt viktigaste industrielle fortrinn har i over 100 år vore tilgangen på billeg og fornybar kraft. Det er me i ferd med å skusla bort. Så lenge me ikkje tar kontroll på sjølve prissettinga, vil all mogleg utbygging av meir kraft og meir nett vera til inga nytte. Det er som å fylla eit badekar utan at proppen er i.