Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

For prisen av ein purre får familiar 2341 kroner mindre i SFO-rekning

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ein skulle ikkje tru det når ein høyrer politisk debatt her i landet. Ofte høyrest det nemleg ut som ein mystisk sjukdom som ein helst bør unngå. Ein pest og ei plage for alle og ein kvar.

Likevel er skatt – i fornuftige dosar, vel og merka – ei av dei betre oppfinningane våre.

Om alle bidreg med litt, kan samfunnet utretta noko stort.

I det som etter alle solemerke vert Rune Bakervik (Ap) si siste budsjettframlegging i denne omgang, viser nemleg det avtroppande byrådet – på ein relativt pedagogisk måte – kva skattepengane våre faktisk kan gå til.

For å oppnå dette, begår Bakervik nemleg ein aldri så liten valbløff. Stikk i strid med det han sa i valkampen, vel Ap å auka eigedomsskatten bittelitt.

Nok til å terga på seg både høgresida og sentrumspartia, men ikkje meir enn at han kunne ha komme unna med det, også om det var eit budsjett han sjølv skulle ha styrt byen på.

Det Bakervik gjer, er å senka golvet for kva tid ein startar å betala eigedomsskatt – altså botnfrådraget – tilbake til det som var nivået i 2022. Altså før han inngjekk eit budsjettsamarbeid med Høgre. Denne endringa, isolert sett, bidreg til at ein hustand som eig ein bustad til ein verdi av seks millionar kroner, betalar 12 kroner meir i månaden i eigesdomsskatt.

Dette grepet – igjen isolert sett – bidreg til 19 millionar meir i kommunekassen. 17 av desse millionane brukar byrådet, i løpet av eit heilt skuleår, på gratis ettermiddagsplass i SFO for tredjeklassingar ved 19 skular i Bergen.

For prisen av ein purre, tre tomatar eller to kvitlaukar i månaden, for dei som eig sitt eige hus, sparar barnefamiliar i område med levekårsutfordringar 2341 kroner i månaden, viser reknestykket kommuneadministrasjonen har laga. Framleis har byrådet litt igjen til andre tiltak av det vesle skattegrepet.

Me snakkar altså om eit døme på reell omfordeling frå alle som eig eigedom, til barnefamiliar i bydelar med levekårsutfordringar. Ein kan lika det eller ikkje, men dømet viser at omfordelingspolitikk kan vera eit kraftfullt verkemiddel i ei tid med aukande forskjellar i samfunnet.

Rett skal vera rett. Grunna oppdaterte tal på verdiar på bustader aukar summen byrådet vil henta inn i eigedomsskatt med ytterlegare 60 millionar. Totalt vert det 79 millionar kroner.

Dette gjer at Bakervik i tillegg til å bruka åtte millionar på gratis SFO frå haustsemesteret neste år, òg kan bruka 70 millionar meir på tenester til heimebuande eldre – ei gruppe det vil trenga store ressursar dei kommande åra.

No er det Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Industri- og næringspartiet, Bergenslisten og Pensjonistpartiet som skal forhandla om å ta over stafettpinnen etter Bakervik.

Alle desse partia har ein ting til felles. Dei vil redusera eigedomsskatten i Bergen. Veljarane deira forventar at ein skal starta dette kuttet allereie i første budsjettprosess.

Det partia ikkje er like einige om, er kva tenester ein skal kutta i for å finna rom til å ta ned eigedomsskatten.

Medan det for Høgre og Frp er ei ganske smal sak å kutta gratis SFO for tredjeklassingar, gjekk alle dei andre forhandlingspartane til val på å gjera SFO gratis for tredjeklassingane.

Altså, snakkar me om eit forhandlingsspørsmål med vinnarar og taparar.

Det vert berre vanskelegare jo lenger ned på lista over nye tiltak det sittande byrådet har funne råd til:

Som nemnd, meir pengar til heimebuande eldre, som alle parti har sagt at bør styrkast i valkampen. Meir bemanning ved kommunen sine behandlingssenter. Utviding av tilbodet med rask psykisk helsevern. Permanent bibliotekstilbod på Ny-Krohnborg. Pengar til arrangørane av junior-VM i Friidrett i Bergen i 2025. Eller sist, men ikkje minst: Å justera sosialhjelpssatsane i tråd med prisveksten, som med respekt å melda berre skulle mangla i ei dyrtid.

Eller, for den del, organisasjonar på rekke og rad som har fått kutt i støtte, og kjem til å stå i kø for å få pengar.

Du har forstått poenget. Å kutta i skatt kjem til å ha ein pris. Dei som no har fått eit ørlite håp om at dei kan komma til å få meir, har grunn til å vera litt ekstra skuffa om det er nettopp dei som dett ut av budsjettet. Òg, 12 kroner meir for nokon, kan bety 2241 kroner mindre for andre.

Det gjer at Høgre no må jobba litt ekstra, og gjera seg litt ekstra upopulære blant enkelte, når dei skal starta på jobben med å redusera skatten.

Sjølv om det verkar rart. I eit kommunalt driftsbudsjett på 26 milliardar kroner, er dei siste millionane ekstra mykje verdt for politikarane. Medan mykje anna er bunde opp i alt ein må gjera, er det her ein finn gulrøttene som viser politisk retning. Eller purren om du vil.

Det er nemleg privilegiet til eit byråd som sit på oppseiing; Å legga ei list som etterkommarane er dømt til å riva.

I Rune Bakervik sitt tilfelle handla det om å visa fram alt det ein ikkje får når ein skal redusera eigedomsskatten.