Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Er for få kjønnsnøytrale toalett på UiS eit heilt reelt problem? Eller er dette først og fremst aktivisme?

DEBATT: Eg har vanskeleg for å forstå at etter så mange år med aktivisme sett i sving av FRI, skortar det framleis på kompetanse om temaet på Universitetet i Stavanger (UiS).

Den eigentlege utfordringa her handlar om å fastsetja skilje mellom tru og vitskap. Den utfordringa må UiS ta på alvor. Utval og toalett er, etter mitt syn, ei avsporing.
Foto: Shutterstock
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

22. september 2023 hadde 5 studentar og 61 tilsette ved UiS eit innlegg i Aftenbladet der dei etterlyser tiltak på universitet for å gje ein betre studie- og arbeidskvardag for studentar og kollegaer.

Dei viser til undersøkingar som fortel at «mange LHBT+ personer fortsatt unngår å være åpen på arbeid og i skolen». Den eine av dei to undersøkingane er basert på 200.000 spørsmål og svar frå nettstaden ung.no. Den viser at «mange unge fortsatt føler seg usikre og frykter omverdenens reaksjoner dersom de kommer ut som skeive.»

«Slik skal det ikke være når man studerer eller jobber ved UiS i 2023.» seier dei vidare. Nei, denne nettstaden har born/unge i alderen 12-19 år som målgruppe. Dei er altså i ein fase i livet der dei går gjennom pubertet og smått om senn skal finna seg til rette i vaksenlivet. Det forundrar meg at universitetet vel å visa til denne gruppa sine utfordringar som grunnlag for tiltak for studentar og tilsette på universitet.

Er for få kjønnsnøytrale toalett på UiS eit heilt reelt problem? Eller er dette fyrst og fremst aktivisme for å løysa opp grunnleggjande normer i samfunnet?

Er de eigentleg så mange?

Etter innsendarane sitt syn er det «et grunnleggende behov for kompetanseheving på mangfold og inkludering i hele organisasjonen.» Kan det stemma? Etter så mange år med så mykje aktivisme sett i sving av FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, PRIDE i månadsvis med eit utal talarstolar og spaltemeter, og til og med eigne tilsette kjønnsforskarar på UiS, så er det likevel gjennomgripande mangel på kompetanse på universitetet? Klarer verkeleg ikkje professorar, amanuensisar, stipendiatar og andre på UiS å ta til seg kunnskap som dei så kan formidla både til studentar og til universitetsleiinga?

Eller kan det vera at den verkeleg stille majoriteten ser annleis på spørsmål om kjønns- og seksualitetsmangfald enn det innsendarane gjer? Kan det vera at dei fleste eigentleg ikkje ser trong for tiltaka, «utvalg for likestilling, mangfold og inkludering», «mangfoldsrådgiver» og «LHBT+ organisasjoner for studenter og ansatte»? Ein skulle elles tru at dei 66 engasjerte brevskrivarane kunne oppretta LHBT+ - organisasjonar sjølv, utan hjelp frå rektor og universitetsleiing.

Som strakstiltak vil innsendarane ha fleire kjønnsnøytrale toalett på UiS. Men er for få kjønnsnøytrale toalett på UiS eit heilt reelt problem? Eller er dette fyrst og fremst aktivisme for å løysa opp grunnleggjande normer i samfunnet?

Skiljet mellom tru og vitskap

At inkludering og mangfald er ønskeleg og bra, er det full semje om i samfunnet vårt. Men folk sine ulike kjensler og oppfatningar av biologiske realitetar, som at kjønn er noko flytande og omskifteleg, må takast for det det er, fantasi, førestilling, tru - utan rot i vitskap og materiell røyndom. Heldigvis er det også full semje i samfunnet vårt om dei grunnleggjande menneskerettane trusfridom og ytringsfridom.

Den eigentlege utfordringa her handlar om å fastsetja skilje mellom tru og vitskap. Den utfordringa må UiS ta på alvor. Utval og toalett er, etter mitt syn, ei avsporing. Sidan UiS utdannar lærarar som skal ta hand om born og unge gjennom heile utdanningsløpet, frå barnehage til vidaregåande, er dette uhyre viktige saksfelt. Å basera kunnskap om kjønn og kropp på subjektive kjensler, vil skapa forvirring i staden for oppklaring.