Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Ein stad på vegen gjekk det gale for nummer to-byen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Då eg kom til Barcelona første gong i 1971, kjende eg meg heime med ein gong. Som den fotballgale personen eg er, la eg merke til at fotballklubben FC Barcelona hadde ei heilt spesiell rolle i byen, litt som Brann i Bergen, men i endå større grad.

Og då eg oppdaga at klubben si bane bar namnet Nou Camp ‒ ein sa det den gongen, og ikkje Camp Nou, som i dag ‒ forstod eg at jamføringa med Bergen og Brann ikkje var tilfeldig. Nou Camp tyder Nymark, det same som etternamnet mitt. Og Brann Stadion ligg jo på Nymark, med Nymarksbanane like ved stadda’en.

FC Barcelona hadde alt på 1970-talet i fleire tiår vore eit flaggskip for Catalonia og den katalanske rørsla som aktivt arbeidde for meir fridom for den katalanske regionen. I dag kan vi seia at Brann er klubben for eit stort omland, som vel også går litt utanfor Hordaland.

Slik var det ikkje på 70-talet. Då presenterte mange lag seg som seriøse utfordrarar. Men dagens engasjement for Brann mellom folk flest i Bergen med stort omland minner om pasjonane rundt FC Barcelona i Catalonia-regionen.

Både Bergen og Barcelona er hamnebyar som ser utover, som dei handelssentra dei blei alt frå mellomalderen av. I seinmellomalderen hadde Catalonia eigne lover, eigen kultur og eige språk i ein desentralisert union med Aragón. Unionen nådde ikkje berre ut til nærliggjande område som Valencia-regionen og , men òg til fjernare område som Sardinia, Korsika og viktige delar av dagens Hellas.

Som del av Hansa-forbundet si stordomstid var det tyske kontoret i Bergen på 13- og 1400-talet med i omfattande handelsverksemd i den nordaustlege delen av Atlanterhavet.

Ein stad på vegen gjekk det gale... Barcelona er i utvikling, Bergen har stagnert. Kvifor og korleis kan ein snu det?

Handel og kontakt utetter førte med seg nye impulsar. Barcelona blei inngangsporten for nye idear til den iberiske halvøya. Katalanarane var desidert først ute med å industrialisera i eit ideologisk tilbakeskodande Spania. Republikken blei i Catalonia innført i 1641, i god tid før den politiske liberalismen tok form i Frankrike og USA på slutten av 1700-talet.

Det gjekk gjetord om dette eksperimentet, sjølv om det berre varte i om lag ei veke. I meir moderne tid var katalanarane svært sentrale i dei to republikkane Spania har hatt: den første i 1873‒1874, og den andre i 1931‒1936.

Bergen kan skilta med den meir løyelege Nordnes-republikken. Men Ludvig Holberg hevda at Bergen er ein by sett saman av alle nasjonar. Som ein by med mykje handel som har overlevd i opp mot tusen år, er det ikkje rart at ein gjennom tidene ‒ kan henda meir før enn no? ‒ har sett på Bergen som ein smeltedigel av ulike folk. Ikkje for ingen ting seier bergensaren at «Vi e’kkje fra Norge, vi e’ fra Bergen».

Byen var fram til 1830-talet den største i landet, den tok imot impulsar frå innflyttarar, og innflyttarane tilpassa seg byen. Sjå berre på trønderen Johan Nordahl Brun, som skreiv bysongen, den bergenske «nasjonalsongen». «Nystemten» blir i dag sunge med patos og stor innleving før Brann sine heimekampar på Brann Stadion.

I Spania har Barcelona lenge vore det økonomiske lokomotivet, sjølv om styresmaktene i Madrid dei seinaste åra har lagt kjelkar i vegen grunna det katalanske sjølvstendestrevet. Og Bergen er sentrum i ein region som «skaper verdiar», og som lar resten av landet få vita om det. Men dei to nr. 2-byane er til gagns turistmagnetar, som trekkjer til seg folk som vil sjå Bryggen i Bergen og modernistisk arkitektur i Barcelona.

Om sistnemnde heiter det gjerne at den kan oppvisa stilartar frå særs ulike epokar, utan at det blir stygt. Det same kan ein ikkje seia om Bergen, der ein gigantisk «container», kalla Mathallen, skjemmer ut området like ved Torget, som forresten ikkje er til å kjenna att frå slik det var.

Ein stad på vegen gjekk det gale... Der Barcelona blei Barcelona, blei Bergen til Bergen. Barcelona er i utvikling, Bergen har stagnert. Kvifor og korleis kan ein snu det?

Som nummer to-by er det ikkje til å undrast over at Barcelona har definert seg i motsetnad til statshovudstaden Madrid. Den spanske sentralismen har sitt motsvar i strevet for desentralisering og aktivt grunnplansarbeid. Frå anarkismen sine framstøytar på slutten av 1800-tal og byrjinga på 1900-tal, og fram til Omnium og ANC (Den nasjonale katalanske forsamlinga) sin kamp for sjølvstende i våre dagar, har press frå grunnplanet verka sterkt inn på politiske avgjerder.

Innimellom har grunnplanet vore viktig også i Bergen, som då ein bygde opp att Håkonshallen på slutten av 1800-talet og då ein redda riving av Marken i 1970-åra, men grunnplanet har ikkje hatt den konstante og omfattande kampviljen som i Barcelona og Catalonia.

Er det nokon grunn til at Bergen og Barcelona skulle ha noko mindreverdskompleks i høve til Oslo og Madrid? Absolutt ikkje.

Les også

Styrer nummer to-byen mot nedrykk?

Les også

Medan andre satsar, er Bergen ein idyll i Legoland

Les også

«Når skal du flytte til Oslo?»